Blåbærhaugen. Foto John Tye. Statistikk innfelt.

Over dobbelt så mange til topps i desember

Publisert av: May Britt Meland
16/1/2021 12:16

Statistikken for antall registrerte i boka på Blåbærhaugen syner eit stadig aukande antal registreringar. I 2020 er det registrert 13.990, meir enn 500 fleire enn i fjor. Alsaker Fjordbruk gir kr 10 for kvar registrering, og dermed får Onarheim idrettslag nærmare 140.000 ekstra i kassa.

Desember månad var prega av dårleg vær, men turgåarane lot seg ikkje stoppa. Statistikken syner over dobbelt så mange registreringar som året før! Onarheim idrettslag drog i gong “Adventstrim” med trekning av gåvekort frå Tysnes Sparebank. Etter det var det “Romjulstrim” med nye gevinstar. Responsen syner tydeleg at dette var populært!

Oversikt over antall registreringar fordelt på månader i åra 2014-2020. Av statistikkførar i Onarheim idrettslag Lise Sjåk Dalen

 

Topp ti på lista for 2020 er vel eigentleg topp tolv, sidan både niande plass og ellevte plass var delt…
Dei som er fem på topp har alle gått meir enn ein tur for dagen!
Og dei to som akkurat ramla nedom kanten på lista har 246 turar kvar.

Så folk er flinke til å gå på tur! Flott innsats!

Lista for 2020 er altså:
1. (570) Olav Storesætre
2. (530) Lise Skjåk Dalen
3. (460) Ragnhild Storesætre
4. (455) Ingebjørg Lien
5. (445) Helén Skaten Hystad
6. (315) Beate Storesætre
7. (274) Hildegunn Flakke
8. (273) Heidi Renate Røssland
9. (260) Ida Skaaheim
9. (260) Jakob Emil Skaten
… og dei to som ramla ut av lista på kvar sin 11. plass (246) var Magne Storesætre og Gerhard Meidell Alsaker