Fleire viste interesse for klartring

Publisert av: May Britt Meland
9/12/2018 12:06
Torsdag, 6. desember, var det oppstartsmøte i klatregruppa på initiativ frå styret i TIL. Laget ynskjer å sjå meir, og ny aktivitet i veggen.
Atle Birkeland frå styret i TIL fortel om bra oppmøte. Det viste seg at ein har mykje erfaring innen klatring på øya. Dei fleste ønsker å klatra sjølv, men to erfarne klatrarar sa seg villig til å opna for treningar etter nyttår.
Utstyr vart gått gjennom, og ein sjekka veggen. Det trengst blant anna nye klatreselar. Veggen bør også sertifiserast på ny.
I forbindelse med ulike arrangement i hallen har det blitt skrudd inn fleire lange skruar i veggen. Dette er direkte farleg og respektlaust. Veggen blir øydelagt, og ein har heller ikkje fjerna skruene etter seg.
Planar om oppstart i 2019
Birkeland fortel at vegg og utstyr forhåpentligvis skal vera på plass rett på nyåret. Ein ser derfor fram til å kunne invitera til klatring i hallen!  Målet er å få til ei open trening for alle i alle aldrar.
Fekk du ikkje høve til å kome på oppstartsmøtet, er ikkje for seint å bli med som ressurs person i klatregruppa. Berre meld di interesse til styret i TIL. Ta kontakt, eller send mail til: tysnes@rvn.handball.no