Ny renovasjonsordning frå 9. april

Publisert av: Vegard Aslaksen
27/3/2018 08:48

Frå 9. april innfører SIM ny renovasjonsordning.

Fordi dei nye bossbilane har 2 lasterom, kan BIO og restavfall leverast same dag, annakvar veke. Mjukplast i sekker kan no leverast til bossbilen same dag som papp/papir kvar 4. veke.

Sidelastar med to kammer (rest + bio).

 

Baklastar med to kammer (papir + plast).

 

Ny tømmekalender saman med 1 rull plastsekker til mjukplast er levert ut til abonnentane. Skulle det vera nokon som ikkje har fått dette, kan ein få det på miljøsentralen i Eredalen måndag og torsdag kl. 10.00 – 18.00 og annakvar laurdag kl. 09.00 – 14.00 (Partalsveker)

Tømekalender får ein og i info-disken i Rådhuset.