Fleire artistlanseringar til Tysnesfest 2021

Publisert av: Martha Nygård Lande
31/5/2020 19:00

Å kunna presentera enda ein bukett med godbitar som er blitt med frå 2020 lineupen gjer godt!

I dag lanserer me til og med to artistar som me hadde booka, men enda ikkje rukke å fortelja om til i år; Staysman&Lazz pluss Vidar Villa. Me gjentek suksessen med å setja dei fyrst på Gjerstad, og er sikre på at dei som ikkje rakk å få dei med seg i 2019 vil koma seg ekstra tidleg inn på arenaen og sparka i gang festen laurdag 10. juli 2021!

 

Highasakite

“Det mest helhetlige og gjennomført storslåtte man finner blant norske band i popsegmentet.”

Slik oppsummerte iTromso.no konserten, då Highasakite besøkte nokon av landets største byar på sin utselte turné.

I Februar 2019 slapp bandet albumet Uranium Heart, til fantastiske anmeldelsar, blant anna terningkast 5 i Aftenposten og Dagsavisen. Ein skal ikkje høyra så lenge på radio før ein får med seg at Highasakite har mange låtar inne i A-listene til fleire radiokanalar.

Highasakite har blitt eit av våre aller mest folkekjære band, og dei har toppa plakaten på alle dei store norske festivalane. Dei har vunne flust med prisar, opptredd på Nobelkonserten, og turnert verden over fleire gonger.

Ein av dei store norske festivalane Highasakite har besøkt før er Tysnesfest, og no gler me oss verkeleg til å ta imot dei igjen! Kjøp billett, spiss øyrene, og vær klar til å nyta!

Highasakite speler på Tysnesfest fredag 9. juli 2021

 

_

TIX

TIX har bana veg for ein heilt ny musikksjanger som blir meir og meir annerkjent. Han er fyrste artisten me lanserte til Tysnesfest 2020, og det er svært kjekt å kunna fortelje at han har ombooka kalenderen sin til å matcha vår og du kan oppleva han på Tysnesfest 2021!

Andreas valgte artistnamnet TIX fordi han har diagnosen Tourettes Syndrom. Som han sjølv seier: «TIX ble kallenavnet mitt på ungdomsskolen fordi folk la merke til ticsene mine. Jeg tok eierskap over navnet og brukte det som artistnavn.»

TIX er mannen bak superhits som «Sweet but psycho» (Ava Max) og «Game Time» (Flo Rida) i tillegg til alle hitsa han speler sjølv.

Gled deg til å oppleva han laurdag 10. juli 2021!

_

Det Sjukaste Vorspielet

I 2019 kjørte me i gang eit «stunt» som verkeleg gav meirsmak! Me inviterte til “Det sjukaste vorspielet” på Gjerstad, og det vart verkeleg ein hit! Fleire tusen menneske dukka opp klokka 19.00 når Staysman&Lazz drog i gang kvelden! Det gav faktisk såpass meirsmak at me rett og slett har invitert dei tilbake i 2021 for å gjenta suksessen!

I år tar gjengen med seg sjølvaste Vidar Villa og hans velfylte bag med hits!

Staysman&Lazz er ein norsk duo beståande av Stian Thorbjørnsen og Lasse Jensen. Dei har herja både hitlister, festivalar og klubbar dei siste åra, og har vore med på omtrent alt som går an å være med på i underhaldningsbransjen. I mars i år klarte dei kunststykket å fylla Oslo Spektrum då dei arrangerte «Den sykeste festen». Rølpen er definitivt ein bestselgar, og Staysman&Lazz er sjølve definisjonen på rølp. 😉

Vidar Villa er ein av noregs største norskspråkelege artistar, med rundt 70 millioner streams på Spotify og utselde konsertar over heile landet. Gjennombruddet kom med superhiten ‘One Night Stand’ som låg i toppen av VG-lista og Spotifylistene heile sommeren 2017.

Sidan den gong har han motteke gull- og platinatroféer for låter som blant anna “Et Par Rolige Shots Med Gutta”, “Herregud”, “Sjalu”, “Jenter” og “Moren Din”.

Det Sjukaste Vorspielet kan du få med deg fyrst ut på Gjerstad Arena laurdag 10. juli 2021!

_

Kapteinen

Kjell Øverland er ein tilsynelatande ganske normal fyr frå Stavanger. Men når han plukker opp eit instrument går han inn i rolla som “Kapteinen”. Kven er Kapteinen spør du kanskje? Det gjer du garantert ikkje etter Tysnesfest 2021!

Født i 1998 med ein brei inspirasjonskilde – alt fra Young Thug, Future, Drake og Travis Scott til popmusikk fra Michael Jackson, Prince og Ne-Yo. Kjell har vokst opp i eit hus fullt av jazz og funk, som har satt tydelege spor i musikkproduksjonen hans. Han er like talentfull i studio som på scena. Kapteinen debuterte med det Spotify meinte var ein av dei mest lovande låtene i sommar:

«Mr. Fantastique» som også fekk sin fortjente plass på spelelistene til P3, P3X og mP3. Responsen har vært enorm!

Allerede no er han ute med sin andre hitsingel: «Illusjon» som også er listet på P3! 2019 og åra som kjem blir berre meir og meir spanande for denne popstjerna!

Kapteinen kan du oppleva på Gjerstad laurdag 10. juli 2021

_

car.pool

car.pool, Vestlandssatsinga 2020!

Dei vart kåra til Vestlandssatsinga 2020, men når Corona sette ein stoppar for deiras konsert i år nølte me ikkje med å invitera dei til oss i 2021! Dei har heldigvis takka ja.

car.pool plugga i utstyret, sparka i gang festen -og serverte ein gloheit konsert utan eit einaste keisamt sekund. Ungdommeleg energi og speleglede. Modne ferdigheter, og rå teft for å smi fram über-catchy låtar. Og på toppen ligg Ida Sofie Laland sin ville powerpop-vokal. Guts og sjarm er skrudd til max. car.pool er ein herleg eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock. Best servert live. For denne gjengen må ikkje berre høyrast, den må dansast med.

Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit karriereløft. Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, turnering, planlegging og økonomistyring. Og bidreg med eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta car.pool godt imot, dei kjem nemleg for å bli.

car.pool skal på scena laurdag 10. juli 2021!

_
Hittil er altså følgande artistar lansert for Tysnesfest 2021:

Torsdag 8. juli:

Bjørn Eidsvåg

Hellbillies

Hjerteslag

Stavangerkameratene

Vinskvetten

Fredag 9. juli:

Highasakite

Laurdag 10. juli:

Car.pool

Kapteinen

Staysman&Lazz

Vidar Villa

TIX

 

Med venleg helsing / Best regards

Øystein Vaage

Dagleg leiar / CEO

Stiftinga Tysnesfest