Frå Tysnesleikane i 2020

Tysnesleikane – midt i blinken

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/8/2021 09:58

Tysnesleikane, ein idretts- og aktivitetsdag.

Tysnesleikane er eit tilbud til personer med røyrsleproblem i Tysnes kommune. Funksjonsfriske er også velkomne. Koronaepidemien har gjort at vi er forsiktige med å invitere frå nabokommunane, seier Per Verner Aase, leiar i Tysnes Frivilligsentral.

Dette er etter kvart blitt eit populært arrangement.  I 2020 var det 60 deltakarar.

Tysnesleikane vart starta på Reksteren. Vassbakken i Lunde har vore mykje nytta etter det. I fjor var vi tilbake på Reksteren og feira  20-årsjubileum med stort oppmøte, både med funksjonsfriske og folk med røyrsleproblem. Det vellukka arrangementet som Reksteren Idrettslag arrangerte i 2020, gjorde det sjølvsagt å takke ja til invitasjonen i år også.

På Tysnesleikane i år kan du vera med på både fotball, boccia og friidrettsaktivitetar. Det heile vert sjølvsagt avslutta med middag og premieutdeling.

Det vert spennande å sjå om ordføraren klarer å betre den personlege rekorden på 60m, fjellturane i sommar kan ha hjelpt på, avsluttar Aase.

Du kan lesa meir om Tysnesleikane og påmelding her.