Utlodning for Krafttak mot kreft

Publisert av: May Britt Meland
2/3/2021 11:55

Også i år vert det innsamlingsaksjon til inntekt for Kreftforeininga her på Tysnes, denne går i perioden 08. – 14. mars 2021.

Som tidlegare år har Alsaker konsernet sagt seg villige å sponsa alle turar til Blåbærhaugen med kr. 100,- i denne perioden – så me vonar så mange som mogleg tek turen opp den veka. Desse turane utgjer ein stor sum til Kreftforeininga.
Tysnes Kraftlag sponsar barnehagar og skular med bussturane.

På grunn av smittevern vert det ikkje dør til dør-aksjon i år, men kreft tek ikkje pause. Så me har måtta tenkje litt nytt og bestemte ei utlodding 14. mars. Me har fått inn mange flotte gevinstar både frå bedrifter og privatpersonar – noko me er utruleg takksam for.

Det vert lagt ut loddbøker på «Gøy på Landet», Joker Uggdal, Bunnpris Lundegrend, Bruntveit Handel og Joker Onarheim.

Ein kan og Vippse ei gåve til 451041 .

STØTT KRAFTTAK MOT KREFT!