cof

Fem om juleførebuingar del to

Publisert av: Vegard Aslaksen
19/12/2018 16:23
I dagens “Fem om juleførebuingar” har me intervjua Johannes Tveit, innehavar av “Sagkjellaren” på Onarheim.

Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Ingen spesiell. Fin anledning til å samla familien.

Korleis ser menyen for julafta ut heime hos deg?

Heimelaga pinnekjøt av villsau.

Kva vil du best minnast frå året som har gått

Ei fin jaktveke i Troms i september.

Kva ynskjer har du for året som kjem?

At me alle i Norge må ta innover oss at me ikkje er åleine i på kloden vår. 5-6 millionar menneske er ikkje meir enn feilmarginen ved ei folketeljing i Mumbai.