Bilete frå open dag på Tysnes brannstasjon eit tidlegare år.

Brannvernveke og open dag på brannstasjonen

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/9/2021 14:44

Kvart år blir det arrangert Brannvernveke i veke 38.

At Brannvernveka vert arrangert om hausten, er ikkje tilfeldig. Det er ei tid der talet på bustadbrannar aukar, og folk treng påminning om branntryggleik.

Brannvernveka vart starta av Norsk brannvernforening og blir i år arrangert saman med forsikringsselskapet IfDirektoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og brannvesen rundt om i landet.

I samband med brannvernveka, arrangerer Tysnes Brann og redning open dag laurdag 25. september klokka 12.00, på brannstasjonen i Eredalen.

Sjølv om smittevern reglar vil gjere at arrangementet vert litt annleis frå tidligare, ser dei fram til å få besøk på laurdag. Informasjon om smittevernreglar vert gitt ved ankomst.

Forutan brannvesenet, vil politi, ambulanse og Røde Kors delta. Dei vil også stille med sine bilar, utstyr og informasjon.

Dette er eit fint høve til å få eit lite innblikk i naudetane på Tysnes sitt arbeid og få med seg nyttig informasjon.
Det vert blant anna demonstrasjon av brannslukking med skum og pulver, samt nyttig brannverninformasjon.

Meir info: Tysnes brann og redning

 

Bilete frå 2018