Kjem innom Tysnes på haustturnéen

Publisert av: May Britt Meland
9/9/2021 19:02

MS Sjøscenen har tidlegare sørga for underhaldning med både song og humor. Ausekarane, Thor Endresen og Rune Larsen er artistar vi tidlegare har kost oss med.

No i haust kjem ferja igjen innom Våge, og byr på mykje god underhaldning.
I september (16/9) kan ein la seg underhalde, og truleg læra noko, under forestillinga “Språkmoro” med den energiske og slagferdige duoen Linda Eide og Sjur Hjeltnes.
I oktober (7/10) vert det “En musikalsk reise til Amerika” med Helge Jordal og Berit Håpoldøy, samt to musikantar.

Forestillingane startar kl 19, dørane opnar kl 18.

Billettar får du på Ticketmaster, samt på båten om det er fleire ledige (fortsatt begrensa plass grunna smittevern).