Tysnes Turlag er på nett! (Skjermdump frå DNT sine sider.)

Nettsida er på plass

Publisert av: May Britt Meland
9/1/2020 14:39

4. november i fjor vart Tysnes Turlag oppretta på eit fullsett oppstartsmøte.

I dag er ein stor dag, for no er Tysnes Turlag tilgjengeleg på DNT sine nettsider.

-Her vil det etterkvart bli annonsert ulike aktivitetar og kurs i regi av laget.

Den fyrste aktiviteten er eit Ambassadørkurs, for dei som allereie er medlem i DNT.
-Og er du ikkje medlem, finn du link på sida der du enkelt kan melde deg inn!

 

Fleire kjekke aktivitetar er i planlegging, fleire detaljar kjem etterkvart!!!