Endringar frå Frivilligsentralen

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/3/2020 08:47

Frivilligsentralen gjer endringar som vil gjelda til ny informasjon kjem.

Sidan biletet endrar seg frå dag til dag, må vi vera førebudd på at nye endringar kan komma.
Vi held fram med middagsutkøyring tirsdagar og fredagar.
NB; sjåførar må vera friske og ikkje er omfatta av karantenereglar. Om tvil, ta kontakt med Frivilligsentralen.
Omsorgssenteret er stengt så det må avtalast innslepp kl. 14:00 med Birte eller andre.
Alle må vere særs oppmerksam på reinhald og å nytta antibac-stasjonar så ofte som mulig.
Torsdagsturen held fram for dei som er friske, men deltakarane må sjølv køyre til startpunktet for turen.
Vi vil unngå smitteoverføring i bilane.
Hugs generelle reglar og ein meter avstand.
Så langt råd er og lageret held, vil vi dela ut matvarer frå Frivilligsentralen.
Basar 17. mars er utsett.
Alle kulturaktivitetar er avlyst.
Onsdagstreffet på Tysnes Omsorgssenter er avlyst.
Klubbkveldar med Fritio er avlyst.
Ring gjerne 99 56 59 28 om du lurer på noko.