Frida Ånnevik til Kulturkyrkja på Onarheim

Publisert av: May Britt Meland
27/3/2023 13:46

Nokre stemmer får deg til å stoppe opp. Dei får deg til å gløyme kva du held på med. Du må berre lytta. Frida Ånnevik har ei slik stemme. Ei stemme som saman med sine unike komposisjonar og fortellarevne bringer fram det beste i eigne og andre sine låtar.

Me er stolte av å la Frida Ånnevik avslutte Tysnesfest 2023 i Kulturkyrkja på Onarheim. Kulturkyrkja er den perfekte ramma for ei musikalsk høgtidsstund med ein artist som har vunne Grappas debutantpris, Prøysenprisen og Spellemannsprisen. Med fem album i sin musikalske ryggsekk gler me oss til å høyre Frida Ånnevik med trioen sin sundag 16. juli.