Ekstrakonsert med Morten Abel

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/7/2020 16:03

Onsdag 22. juli vert det ekstrakonsert med Morten Abel på Mandelhuset.

Til konserten 23. juli, vart billettane rivne vekk på få timar, så alle som ikkje har fått seg billett, får no ein ekstra sjanse.

Med seg har Abel Thomas Gallatin, som vert beskrive som ein multiinstrumentalist. Dei vil saman ta for seg låtar frå heile Abel si karriere. Morten Abel, som etterkvart har over 40 års erfaring i musikkbransjen, både som låtskrivar og artist, er ein av dei beste i landet til å formidle, og skuffar aldri på scenen. Han har over 600 000 solgte album, og er som ein institusjon å rekne i norsk musikkliv.

I tillegg til gode og kjente låtar, kan ein ikkje sjå bort i frå at ei og anna overrasking vil dukke opp.

Hugs å kle deg etter været, sidan dette er ein utekonsert.