Sommarens minste loppemarked

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/7/2019 09:00

Laurdag og søndag hadde Madeleine Straume og bestemora, Florence Straume, laga til eit lite loppemarked utanfor Bunnpris i Lunde. Det er sikkert det minste loppemarkedet i heile sommar, seier Madeleine.

Det var folk innom begge dagar, sjølv om det var veldig varmt og fint ver. Nokon kom fordi dei visste om loppemarkedet, medan andre kikka fordi dei tilfeldigvis var på veg inn eller ut av butikken.

Madeleine seier ho hadde hatt ei stor opprydding heime, og ville kvitte seg med ting og tang. Eg tjente ikkje all verdens, men det var heller ikkje målet. Eg er mest glad for at tinga mine får ein ny heim, seier ho.

I tillegg til loppemarked, lagde Madeleine ballongdyr, og det var nokre som hadde stand. Ingeborg Hjelland hadde Tupperware, Bjørg Økland strikk, og Florence Straume hadde smykke og make-up.

Det var mange som kommenterte at det var hyggeleg at det var noko som blei arrangert, og me koste oss, avsluttar Madeleine.

Foto: Madeleine Straume