Begge partar er godt nøgd med at intensjonsavtalen no er i boks. Frå v. Varaordfører Kristin Kleppe, Ordførar Kåre Martin Kleppe, Olaf Valeour - medeigar i mestringshusene, Olaf Olsvik - gründer i mestringshusene, Steinar Dalland - Rådmann og Richard Høie - rådgjevar i Tysnes Kommune

Ei gladsak for Tysnes

Publisert av: Vegard Aslaksen
22/8/2019 15:59

Tysnes Kommune og Mestringshusene signerte i dag intensjonsavtale om å etablera behandlingsinstitusjon på den gamle sjukeheimen i Uggdal.

Dette er ein viktig milepæl for Tysnes som vil kunna sikra mange nye arbeidsplassar i kommunen. Samstundes bidrar dette til et styrka behandlingtilbod for rus og psykisk helse regionalt.

Utruleg kjekt at me er komen der me er no. Dette er ei sak som har engasjert positivt , sa ordførar Kåre Martin Kleppe før rådgjevar i Tysnes Kommune, Richard Høie, gjekk gjennom avtalen med representantane frå Mestringshusene.

Deleigar i mestringshusene, Olaf Valeur og gründer ved Mestringshusene, Olaf Olsvik kom til Tysnes i dag for å signera intensjonsavtalen. Dei rosar Tysnes Kommune for måten ein har teke imot Mestringshusene. Me har følt oss velkomen frå dag ein, seier Olsvik. Medeigar Olaf Valeur legg til at ein i utgangspunktet hadde Sauda som den mest aktuelle lokaliteten for Mestringshusene, men at dette raskt endra seg som følge av det gode samarbeidet med Tysnes Kommune.

Intensjonsavtalen sikrar mestringshusene som leigetakar av den gamle sjukeheimen forutsatt at dei får konsesjon av Helfo for å driva behandlingstilbodet her på Tysnes. Konsesjonen reknar ein med vil vera på plass tidleg på nyåret.

Sjå tidlegare artikkel om denne saka her.