Kan bli over 30 nye arbeidsplassar på den gamle sjukeheimen

Publisert av: Vegard Aslaksen
1/3/2019 15:53

Mestringshusene vurderer Tysnes som ein av to aktuelle lokalitetar for å etablera ein behandlingsinstitusjon på Vestlandet. Representantar frå verksemda har vurdert den gamle sjukeheimen som ein aktuell stad å etablera institusjonen på Tysnes. Onsdag kunne ein lesa om denne saka i avisa Ryfylke der ei mogleg etablering på den andre lokaliteten, Sauda kommune, vart omtalt.

Mestringshusene er ein privat behandlingsinstitusjon for voksne med rusmiddelproblem og psykiatriske lidelser. Verksemda er finansiert gjennom anbudsutsette statlige midlar som blir tildelt 5 år av gongen. Det er difor aktuelt å sjå på ein 5 årig leigeavtale med opsjon på 5 år, seier ordførar Kåre Martin Kleppe til Tysnesingen. Tysnes Kommune er heilt i startfasen av sonderingane med Mestringshusene, og det er fleire ting som må avklararst. Blant anna kor stor del av sjukeheimen ein treng, og korleis ein løyser det vidare med parkeringsplassar i området. Det er jo endå ikkje sikkert at dei vel Tysnes då dei kjører to parallelle løp med tanke på etablering anten i Sauda eller på Tysnes, fortel ordføraren.


Sonderingar starta etter tips frå tysnesing

Tysnesingen, Lars Auran, jobbar som terapaut ved Mestringshusene og fekk kjennskap til at ein ynskte å etablera ei avdeling på Vestlandet. Han tok då kontakt med Kåre Martin og to dagar seinare var representantar frå Mestringshusene i møte og befaring på Tysnes. Han rosar ordføraren for å hiva seg rundt og følgja opp denne saka.

Eg trur Tysnes er ein ideell plassering for ein slik institusjon, seier ein engasjert Lars Auran til Tysnesingen. Ikkje berre på grunn av plassen, men også på grunn av det lokale engasjementet som finst på Tysnes. Eg trur og håpar at lokalsamfunnet vil ta i mot ei slik etablering på ein positiv måte. Rusproblem og psykiatriske lidelser er ei utfordring i dagens samfunn og dette handlar om å hjelpa enkeltmennesker tilbake på rett spor. Eg har stor tru på dette, seier han.

Mange positive fordelar

Me er veldig positive til dette av fleire årsaker. Det å få Mestringshusene her til Tysnes vil både tilføra over 30 nye arbeidsplassar, eit kompetansemiljø innan rus og psykisk helse samt sikra at me får nytta den gamle sjukeheimen til eit tjenelig formål. Sjølv om bygningsmassen var utdatert med tanke på vidare drift av sjukeheimen, kan den fungera godt til denne typen institusjonar. Ein ser og at Tysnes har ei strategisk god plassering for ein slik institusjon. Me ligg passe avsides geografisk men samstundes tett på dei andre kompetansemiljøa innan rus og psyikisk helse både på Stord og i Bergen. Men me er som sagt heilt i startfasen og ein lyt drøfta saka i politiske organ i kommunen. Ein lyt sjølvsagt også gjera informasjonsarbeid ut mot innbyggjarane om dette blir aktuelt, seier ordføraren avslutningsvis.

 

Link til artikkel i Ryfylke avis

Link til Mestringshusene