Stor gjevarglede på Tysnes under årets TV-aksjon

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/10/2020 13:31

I år går pengane, som vert samla inn under TV-aksjonen, til “WWW – et hav av muligheter”.

Kvart år havnar åtte millioner tonn plast i havet. Plasten truar både dyrelivet og oss menneske. “Med konkrete tiltak der problema er størst, skal årets TV-aksjon ta plasten ved rota, og saman skal me redusere plastutsleppa og ta vare på verdenshava”, kan ein lesa på nettsida blimed.no/tv-aksjonen-nrk

På gjevarlista i Vestland Fylke, ligg Tysnes pr dags dato, på 3. plass av 43 kommunar, basert på innbyggjartal.

Totalt kr 202 921 vart det samla inn frå Tysnes, noko som betyr at kvar Tysnesing gav kr 70,73 i gjennomsnitt. Dette er kr 30,39 meir enn landsgjennomsnittet, som er på kr 40,34 pr innbyggjar.

Både bedrifter og private, har oppretta Spleis, der ein også kan gje pengar.  Alsaker Fjordbruk har gitt kr 100 000,- til ordførar Kåre Martin Kleppe sin Spleis.

Gå inn på Alsaker Fjordbruk si nettside og les meir om kvifor dei støttar TV-aksjonen.

Totalt er det til no samla inn kr 215 693 315,- i heile landet.