Drop-in-dåp

Publisert av: May Britt Meland
8/6/2024 15:09

Kyrkjelydane i Tysnes inviterer igjen til Drop-In Dåp.

Fredag 14. juni kl 15.30-17.30 kan du koma og få gjennomført ein fullverdig dåpsseremoni i ro og fred i Tysnes Kyrkje. Her krevst inga førebuing. Det er berre å stilla og dette er eit tilbod til alle, uansett alder!

Litt om Drop-In Dåp:
Drop-In Dåp er ein fullverdig måte å bli døypt.
Å bli døypt i ein Drop-In Dåp er heilt enkelt, men like stort som å bli døypt i ei vanleg gudsteneste.
Det er heilt gratis å bli døypt i Den Norske Kyrkja.
Dersom du ikkje har fadrar, stiller kyrkja med dette på staden.

I Kyrkjeståvo lagar kyrkja klart til enkel servering for dykk som ynskjer å stansa att der etter dåpen.
Det einaste du må hugsa å ha med deg, er legitimasjon.

Ta gjerne kontakt med Kyrkjekontoret på telefon 481 23 170 om du har spørsmål.

Velkomen til Drop-In Dåp på Tysnes!