Seier på brennheite Reiso

Publisert av: Dagfinn Sandvik
31/5/2018 08:31

Njardar storspelte og vann fortjent 6 – 4 mot Hasunds Hund onsdag kveld.

På den varme solskinsdagen var det mange som hadde tatt turen til Reiso for å sjå Njardar spele heimekamp. Det gjorde dei rett i, fordi kampen vart veldig underhaldane med mange mål og seier til heimelaget.

1-0 etter 9min. kjem på ein dødball på bakre stolpe frå Thomas som Aksel knallar i nettet på volley.
2-0 kun 2min. etterpå der Thomas slår på skrå inn til Didrik som frå 16m headar hardt i bue over keeper og i lengste hjørnet.
3-0 i det 15.min Arild får ein nydelig bakromsball fra Endre og smell ballen i lengste hjørne frå langt hold.

Istadenfor at me får 2, 3 mål til så reduserar Hasunds når me er uheldige med ein feil bakover.
I pausen bestemmer me oss for å overhodet ikkje sleppa bortelaget inn i kampen igjen ved å gå ut knallhardt og helst scora et par mål tidlig.
Rett etter sidebyttet følg me denne planen bortsett frå at me ikkje får mål. Fleire 100% sjansar blir missa på men Arild set inn 4-2 etter retur på skudd frå Børge. Me fortset egentlig å produsera sjanse på sjanse utan å få meir uttelling.  Istadenfor scorar Hasunds 4-2 etter eit fint angrep og plutselig 4-3 etter ein dødball. Full kamp igjen.
Nok ein gang får me ein periode der me skapar mykje men ikkje får ballen i mål. Ikkje før i det 75. Min når et innlegg på bakre blir heada i stolpen. Returen set Arild i mål og sørger for sitt hattrick for dagen. 5-3
Etter nokre minuttar blir det gjort ein feil på midten som til slutt endar i nok ein redusering for bortelaget. 5-4 og unødvendig spennande på slutten.
På overtid spelar Lasse fram Didrik som etter et par fintar skyt ballen lavt i hjørna. 6-4 og fullt fortjent seier som med normal uttelling burde våre to-sifra. Uansett enorm jobbing og veldig mykje flott spel av heimalaget som med denne seieren tok over tabelltoppen foreløbig.

Njardar-spelarane kunne heve hendene i været heile 6 gonger, her ved eitt av Arild Ebbesvik sine 3 flotte mål.

 

Drikkepausar vart det ein del av, her ein av banens beste, Didrik, som tar seg ein velfortjent avkjøling.

 

Thomas Hagen var ein fin dirigent på banen med sine oppmuntrande tilrop, og som var sentral i Njardars mange kontringar.

 

Hat trick scorar Arild, kjøler seg ned i varmen.

Njardars beste: Endre Vermedal med vanvittig duellstyrke og gode bidrag både defensivt og offensivt.
Kampens beste: Bortelagets keeper.
Desse var med:
Kjartan
Endre Morris Lars Even Ørjan P
Thomas Lasse Aksel Børge
Arild Didrik
Øyvind, Fahri, Robert, Heine
Me fortsettar egentlig å produsera sjanse på sjanse utan å få uttelling.
Foto: Tysnesingen
Tekst: Thomas Hagen/Dagfinn Sandvik