Foto: Falturiltu

Ingelin Røssland på Falturiltufestivalen

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/9/2019 17:27

Stord24 melder på nettsida si at programmet for årets Falturiltufestival på Stord, 1. – 8. november, er klar.

Årets festivalforfattar er Marit O. Kaldhol, og ho vert å treffa ulike stader, under heile festivalveka.

Det vert eit variert program, og mange forfattarar skal delta på dei mange ulike arrangemanga.

Ein av forfattarane er tysnesingen Ingelin Røssland, og elevane ved Tysnes ungdomsskule får bokbade med både ho og ein annan ungdomsbokforfattar, Terje Torkildsen.

Du kan lesa meir om kva Falturiltu er her.