Hespriholmen-Arnulf Bie

UNESCO-status for Geopark Sunnhordland

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/5/2023 08:57

Geopark Sunnhordland er no den fjerde geoparken med UNESCO-status i Noreg. Vedtaket vart gjort i Paris på sjølvaste 17. mai med akklamasjon. Geoparken med Moster Amfi, Sunnhordland Museum og Folgefonnsenteret som besøkssentra har dermed hamna i storfint selskap.

 

– Ein UNESCO global geopark må innehalde geologisk arv av internasjonal verdi og formidle samanhengen mellom geologi, og kultur- og naturarv. Ein geopark skal auke fastbuande- og tilreisande sin kunnskap om landskapsverdiar, styrke området sin identitet og stimulere reiseliv og lokal matproduksjon i regionen.

Av våre 60 lokalitetar i UNESCO-søknaden er 22 gjeven Internasjonal Verdi, seier Brynjar Stautland, dagleg leiar i geoparken. Hespriholmen med si 6000 årige historie som kjelde for grønsteinsøksene på Sørvestlandet er eit geologisk kulturminne som me tør påstå er unikt i verda. Jettegrytene i Rullestad, er også ein spektakulær lokalitet, likeeins putelavafeltet på Helgeneset, sjølve fødselsmerka til nordre del av Sunnhordland som oppstod på Iapetushavets botn for 495 millionar år sidan.

Siggjo er eit kjent og karakteristisk seglingsmerke på norskekysten, i dag eit ynda turmål med utsikt over heile Sunnhordland og med eit rhyolittbrudd frå yngre steinalder på toppen. Kisgruvene på Litlabø ber på ei lang og svært viktig bergverkshistorie i regionen, og er ei godt tilrettelagt besøksgruve med guida turar i sommarhalvåret.

Og ikkje minst er Røyrvikeskaget på Møkster med sitt eksploderte magmakammer frå Laurentias kontinentalsokkel eit fascinerande og lett tilgjengeleg eventyrlandskap for både leg og lærd. I tillegg gjev den geologiske mangfaldet i denne regionen ein rik biodiversitet og tett samanheng mellom geologi og biologi.

Jettegrytene; Finn Bakke

UNESCO-statusen vil styrke profileringa av Sunnhordland som region. Med sin klåre bodskap om at «hit er det verdt på reise» vil den styrke reiselivsnæringa vår, seier Tora Haslum Myklebust, dagleg leiar i Sunnhordlandsrådet og eigar av Geopark Sunnhordland. Skuleverket vil óg dra nytte av geoparkens formidling av geo-arven i  landskapet vårt.

No vert utfordringa å formidle for oss som bur her kva geoparken er og skal vera, kvifor me har fått statusen og korleis me kan bruke den for å styrke reselivsnæringa i Sunnhordland.

Sunnhordlandsrådet Jublar

I Norge har Gea Norvegica i Vestfold og Telemark, Magma Geopark i Rogaland og Trollfjell Geopark i Nordland status som Unesco globale geoparkar. I arbeidet med å bringe Geopark Sunnhordland fram til UNESCO-status har forskarar frå NGU og Universitetet i Bergen vore viktige bidragsytarar, heilt frå oppstarten av prosjektet i Sunnhordlandsrådet i 2015.

UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon. 190 stader i 47 land har oppnådd status som UNESCO globale geoparkar.