Britt har auga for detaljar når ho lagar dei flotte dokkene.

Dokkemakar med auge for detaljar

Publisert av: May Britt Meland
23/7/2022 13:37

Denne sommaren kan ein få med seg ei litt uvanleg utstilling på Sunnhordland Museum: “Tidemand i miniatyr”.

Her finn ein av 22 figurar kledde i draktplagg kopiert etter drakter frå Adolph Tidemand sine portrett frå Vestlandet, utført midt på 1800-talet. Det er tekstilkunstnar og dokkemakar Britt Kjellesvik Rage som har laga både figurar og draktplagg, som er kopiert ned til minste detalj.

 

 

Rage har også skrive boka «Tidemand i miniatyr – Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar», der finn ein detaljerte skildringar og mønster til kvar dokke.

Om utstillinga skriv sunnhordland.museum.no:
Dokkene er ca. 25-35 cm høge, så her er det verkeleg snakk om presisjonsarbeid! Det er lagt ned særleg mykje arbeid i ansikt og kroppshaldning for å fanga personlegdommen til menneska som Tidemand portretterte på 1800-talet. Dette er ikkje bunader, men folk sine vanlege klede den gongen.

Alle plagg er tidsrett laga, men tilpassa lite format. Det er brukt tekstilar som var vanleg på 1800-talet og det meste er handsaum. Det blir sjonglert med ulike syteknikkar – t.d. kan perler vera erstatta med sting, til bringeklutar mindre enn ei fyrstikkøskje! Utstillinga blir som ein korrespondanse mellom fortid og notid, der kunstnaren freistar å fanga desse levde liva og deira drakter, i hennar eige format.

Britt Kjellesvik Rage har fått mykje merksemd for sine figurar i historiske drakter, som har fått omtale i aviser og magasin både her til lands og i utlandet. I år 2000 starta ho med verkstad og galleri i heimen «Breidablikk» på Tysnes. Forutan å driva med produksjon av folkedraktfigurar, handdokker og historiske drakter, har ho arrangert ei rekkje utstillingar med forskjellige kunstnarar i eige galleri, Breidablikk Anno. Britt har også delteke på mange utstillingar, halde kurs og foredrag og skrive artiklar om historiske klede.

I 1986 publiserte ho boka «Folkedrakter i Sunnhordland – frå Tysnes på 1800-talet». Ho har seinare bygd opp ein database over gamle draktplagg frå Tysnes, der til no over 600 plagg er registrert og som ho også vidarefører i ein blogg. I 2021 gav ho ut boka «Tidemand i miniatyr – Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar».

 

Foto: Knut Rage