Arkivfoto frå open dag 25/9-2021

Populært med open dag på brannstasjonen

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/9/2021 17:30

I eit strålande haustver, var det open dag på brannstasjonen. Der kunne ein få sjå på bilar og utstyr til både brannvesen, politi og Røde Kors.

Det var mange som møtte opp. Brannsjef Torfinn Kongsvik seier at det var ein travel, men veldig kjekk dag. Han anslår at det var rundt 200 stykker som var innom brannstasjonen denne dagen.