Eigenberedskapsveka

Publisert av: May Britt Meland
2/11/2022 19:54

I perioden 31. oktober til 7. november vert det gjennomført ei landsdekkjande kampanjeveke om eigenberedskap.

Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn.
-Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tar nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lesa på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn (72 timar).

Målet med Eigenberedskapsveka er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, og gjere oss betre rusta til å stå imot kriser. Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde.

Kvifor eigenberedskapsråd no?
Det er fleire forhold som gjer at det kjem eigenberedskapsråd til befolkninga no. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er me som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Du er ein del av beredskapen i Noreg
Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om me blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar over heile landet.