Ramnanuten Opp i flott sumarvêr

Publisert av: Vegard Aslaksen
11/7/2018 22:25

Til saman 147 deltakarar var med å sprang under Ramnanuten opp i finavêret i dag. 56 deltok i barneløpet som gjekk frå Essoen til kyrkja og tilbake. 38 deltok mosjonsklassen opp til nuten, medan tilsaman 53 deltok i dei ulike konkurranseklassane.  “Det var totalt sett litt færre enn i fjor og det skuldast nok stor grad det fine sumarvêret som er komen til Tysnes denne Tysnesfesthelga”, seier arrangør Marthe G. Birkeland ved Svingen Puls. Ho er godt nøgd med arrangementet. Det heile gjekk veldig bra for seg og ingen skada seg på vegen. Det vart sett nye løyperekorder både for herrer og damer. Ekstra kjekt at det var fleire unge som stilte til start i Ramnanuten Opp.

Erlend Gjerdesvik Sørtveit frå Strindheim IL vann herreklassen med tida 15,24 medan Pernilla Epland frå Stord IL stakk av med sigeren for kvinner med tida 16,44. I ungdomsklassane var det Johannes Dalland/Skjalg IL med tida 18,18 og Julia Dyrest med tida 24,29 som vann.

For fleire resultater sjå resultatlista nederst i saka. Her kjem bildedryss:)

Klare til start i barneløpet

 

Start mosjonsklassen

 

Konkurranseklassen er i gang med sitt løp

 

Resultater. Foto; Svingen Puls