Møte med ukrainsk håndtverk

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/1/2023 08:36

Kva får ein når ein kombinerar eksenterslipar (!) merinoull, viskosefiber, såpevatn og bobleplast?

Flotte, mjuke, filta plagg skulle det visa seg då Evgenia frå Ukraina viste interesserte husflidslagsmedlemmar og andre, korleis ho jobbar med desse ingrediensene for å laga varmande og lekre kreasjonar av ull.

Evgenia har full merksemd frå dei frammøtte.

Ca 16 personar møtte fram i Husflidsstova i ettermiddag til det me tenkte ville bli ei kort innføring i filting på Ukrainsk vis. Men her fekk me langt meir: Ein grundig gjennomgang av teknikken for korleis ein kan lage t.d. jakker, sjal, pulsvarmarar og anna av lagvis med florlette ullfibrar iblanda andre naturmaterialer som t.d. viskose.

Evgenia, som er utdanna tekstilingeniør, viser og forklarer prosessen grundig ved hjelp av både norsk, engelsk og russisk, og det me ikkje oppfattar med det same, får me hjelp til å oppklare ved hjelp av Maryna, som assisterer med litt ekstra tolking.

Toving, eller filting, er for nokre i laget ikkje heilt ukjent, men sjølv desse får tips og triks til korleis ein kan utøve teknikken på ein litt annleis måte, og får dermed nye idéar undervegs. Evgenia konsentrerer seg om å vise korleis ein kan lage pulsvarmarar, eller armband, og dekorere dette med ulike typar tråd, krølla ull, og/eller perler.

Det er ein nesten meditativ prosess å dandere den mjuke ulla jamt og systematisk utover malen, mens ein på eit seinare stadium kan få anledning å “delja” ut oppbygd aggresjon, ettersom produktet etterkvart treng ganske hardhendt behandling for å få ein effektiv krympeprosess.

Tre florlette lag med ull vert lagt i kryssande retning oppå ein mal.

Det fjerde laget er forbeholdt fibrar som utgjer dekoren. Her er brukt silkemjuk viskosefiber, og laust spunne ull.

På med såpevatn, og deretter plast for at ulla ikkje skal forskyva seg under prosessen.

Og eksentersliparen? Den er med på å få fortgang i toveprosessen ved at ullfibrane vert vibrert/most inn i kvarandre. Oppgåva til neste treff er å svinge innom verkstaden i heimen, og lure med seg dette verktøyet som no plutseleg har fått fleirbruksstatus.

Og så: forsiktig og tidsbesparande bruk av eksenterslipar for å få fibrane til å tove seg fast i kvarandre.

Etterkvart kjem bearbeiding og forming for hand.

Litt av ingrediensane og døme på ferdig produkt.

Tusen takk til Evgenia for grundig gjennomgang av ein interessant teknikk.
Me gler oss til å få teste sjølv.

Tysnes Husflidslag