Arkivfoto frå 2013. God deltaking på det aller fyrste Blåbærhaugen Opp. Foto: Freddy Jensen

Blåbærhaugen Opp

Publisert av: May Britt Meland
1/8/2020 07:42

I morgon er det bare å finne fram turtøyet og bli med på eit fantastisk flott mosjonsløp. -Eller er du av dei som har meir konkurranse instinkt? Då må du ta på deg løpeskoene!

Onarheim Idrettslag arrangerer søndag 2. august Blåbærhaugen Opp, som er eit løp både for mosjonistar og dei som vil konkurrere.

Det er start, oppmøte og parkering på Alsaker Brygge.
Mosjonsklassen har påmelding frå kl 11 og start kl 12
Konkurranseklassen har påmelding frå kl 12 og start kl 13

Det vert premie til dei 3 beste i konkurranseklassane.
-Og premie til deltakaren som er nærmast oppsett idealtid.

Premieutdeling og servering på toppen.

Ein kan få kjøpa fruktbeger og pølse i brød.Laget spanderer bålpannekaffi og saft.

Onarheim Idrettslag tilbyr seg å transportere opp ekstra klede for dei som ynskjer det.