Tre nye artistar er klare frå Tysnesfest

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
5/5/2018 20:00

Tre nye artistar er klare frå Tysnesfest, og her blir det både ekte rock frå Tysnes, Stord og Bømlo, og det blir skikkeleg blues frå Tysnes og USA!

Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar.

Sjølvaste MS «Midthordland» tar deg med på ei musikalsk reise i vår vakre skjærgård. Om bord kan du nyta heftige bluestonar og leska strupen med noko godt

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest “tyngde” i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving.

Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band og ynskja dei velkomen att!

Big Men Bluesband har spela konsert på Tysnesfest i så mange år no, at me ikkje kunne unngå å invitera dei til vår tolvte festival. Bandet er tydeleg inspirert av artistar som Steve Ray Vaughan, John Mayall, Eric Clapton og Peter Green, og dei har også ein del eigenproduserte låtar.

Big Men Bluesband skal spele på to bluescruise laurdag 14. juli.

Symra

Symra er eit ekte rockeband som spelar sjølvkomponert, alternativ poprock.
Beståande av Øyvind Kleppe på vokal, Morten Engebretsen Stokke og Henrik vatle på gitar, Ole Martin Hauan på bass og Henrik Sebastian Epland på perkusjon har dei planar om å ta verda med storm.
Ikkje berre spelar dei tøff rockemusikk, men dei spelar også på sjarm. Dei er fem mannfolk av størrelse Large, med slektskap frå både Tysnes, Stord og Bømlo. Trass i dette, har dei veldig god kjemi, og er klare på å by på ei makalaus musikkoppleving på Tysnesfest.

  • Me såg Symra på bransjetreffet «100 dagar» i januar i år, og er veldig stolte over å kunna få invitera dei til å opna Gjerstad Arena torsdag 12. juli. At to av medlemmane er tysnesingar gjer det sjølvsagt litt ekstra kjekt!

Randy Pavlock kjem heilt frå USA for å spela på Tysnesfest. 

Han har ein unik evne til å fanga sitt publikum, og speler blues rett frå hjarta. Randy har tidligare delt plakat med storheiter som Paul Rogers, Joe Bonamassa, Coco Montoya og mange andre. Under Tysnesfest kan du oppleva han på cruise med Statsraad Lehmkuhl fredag 13. juli der òg The Vossa Rebels skal spela.

“Eg trur på at musikk er rettleiing,” seier han. “Min inspirasjon til å skriva kjem frå ting eg har sett gjennom mine personlege reiser og ved å setja meg sjølv i andre sine sko. Av og til, når me star ovenfor problem me ikkje får til å løysa, og ikkje har nokon å spørje til råds trur eg svaret ligg i beskjeden i ein song. Eg får ein «rus», ikkje frå merksemda ved å stå framom eit publikum, men ved å vita at eg har nådd ut til nokon som treng det. Det er den beste følelsen eg veit om, som eigentleg ikkje kan forklaras med ord!”