Kyriake Foto: Os og Fusa posten

“Kyriake” i Tysnes kyrkja

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/5/2019 08:00

Søndag 26. mai kjem koret Kyriake, frå Os, til Tysnes kyrkje for å ha konsert.

Koret er 40 år i år. Det vart starta av Norvald Kobbeltvedt i 1979. Han har vore dirigent i svært mange år, og har sjølv komponert mykje av repertoiret. Men frå tid til annan har det også vore andre som har svinga dirigentstaven. For tida er det Grethe Inger Berge som dirigerer.

Koret er ikkje i utgangspunktet eit kyrkjekor, men har likevel alltid vore knytt til kyrkja og har sunge mykje i kyrkjeleg samanheng. Sjølve namnet Kyriake tyder «det som høyrer Herren til». Repertoiret består av mange ulike sjangrar innan religiøs musikk, og dette vil vi prøva å syna på konserten på Tysnes.

Denne vert også avslutning på vårsemesteret for koret. Og til hausten vert det stor jubileumsfeiring og konsert i heimbygda.