Publisert av: Vegard Aslaksen
20/3/2018 09:49
Bålforbodet er oppheva – men hugs å visa aktsemd ved bålbrenning
Brannsjef Torfinn Kongsvik melder at bålforbodet er oppheva. Samstundes oppfordrar han til å visa aktsemd ved bålbrenning. Sjølv om det har vore noko nedbør, tørkar det veldig for opp att.
Brannsjefen viser for øvrig til dei generelle bålreglane:
- Ein kvar plikter å utvisa aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføra brann.
- Det er forbode å gjera opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold at det kan føra til brann.
- Oppgjort eld må ikkje forlatast før han er sløkt.
- Dette er reglar som gjeld heile året.
- Det er likevel lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann.
- Det er forbode å brenna produksjonsavfall.
- Ein kan brenna små mengder hageavfall etc , men det må ikkje innehalde plast og forbruksavfall.
- Det er ikkje lov å brenne etter det er mørkt.
MELLOM 15.04 OG 15.09 ER DET FORBODE Å GJERA OPP ELD NÆR SKOG OG I ALL ANNAN UTMARK UTAN LØYVE FRÅ KOMMUNEN.