Ung husflid, husflid for born

Publisert av: May Britt Meland
20/4/2018 11:57

I går, torsdag 19/4, var siste dagen med husflid for born i Husflidslaget sin regi. 6 jenter har vore med sidan februar månad og som de ser av bileta har me sydd oss forkle og tova sitjeunderlag.

-Strikka har me og gjort, men sidan dette er eit meir tidkrevande arbeid, skal me gjera pulsvarmarane ferdige til hausten fortel Lise Marie Spjeld i husflidslaget. Då vert det nytt kurs og desse 6 har sagt dei vil vera med då og. -Jentene har vore flittige og interesserte og det har vore ei gleda å jobba saman med dei!

Opplegget til hausten er ikkje heilt klart, men ein gong kvar 14. dag og 6 gonger i alt, tenkjer me oss. Oppstart og aktivitet må me koma tilbake til, og me har plass til i alt 12 unge frå 4. klasse og oppover. Så følg med….