TYSNESFEST 2021 er avlyst!

Publisert av: May Britt Meland
10/5/2021 13:06

Me er utruleg lei oss, men me kjem endå sterkare tilbake i 2022!!

Igjen har Covid-19 sett ein stoppar for årets vakraste eventyr, Tysnesfest!

Med reglane som blir gjeldande for sommaren ser me ingen annan utveg enn å avlysa Tysnesfest 2021. Me har lenge skjønt at det kom til å bli utfordrande, men dei reglane som blir gjeldande i juli er ikkje foreinleg med verken festivalkonsertar, festivalcamp eller festivalhamn.

Tysnesfest skal ikkje vera ein festival oppdelt i kohortar der ein må sprita hender og halda avstand. Tysnesfest er sol og sommar, med ei festivalstemning der ein står skulder til skulder og syng for full hals blant tusenvis av andre glade Tysnesfestarar ❤

Sjølv om det gjer uendeleg vondt å måtta avlysa, er det på mange måtar ein lette å få ei avklaring. Det gjer og at me kan løfta blikket og planlegga ein heidundrandes festival 6. – 10. juli 2022! Då skal me verkeleg visa at me er oppe på hesten igjen, og det er duka for tidenes beste festival! Booking-prosessen er allereie starta!

Me kjem likevel til å laga ein minivariant av festivalen, og kjem tilbake med informasjon om artistar og billettsal ganske snart, så følg med!


Har du kjøpt billett til Tysnesfest 2021?

Billett til Tysnesfest 2021 vil gjelda som billett til Tysnesfest 2022. Både billett til konsertar og overnatting vil gjelda i 2022. Om du ynskjer refundering får du sjølvsagt det. Informasjon om dette går ut til billettkjøparar innan kort tid.

Me ser verkeleg fram til å ta imot deg med ein heftig lineup, flett ny arena, ingen “meter”, munnbind eller kohort i 2022. Set av datoane 6. – 10. juli 2022!

I mellomtida: Følg dei til ei kvar tid gjeldande smittevernråda frå Høie og gjengen. Det er einaste måten me kan bli kvitt denna pandemien på ❤