Aktivitetsdag på Årbakka

Publisert av: Johnny Helgesen
12/8/2018 20:36

Tysnes Kystlag inviterte i dag til aktivitetsdag på Årbakka under det som er de årlige kystsogevekene. Det var nydelig vèr, og ein god del tok turen!

Aktiviteter ein kunne velge mellom var å gjette 20 treslag ut i frå ein kubbe av kvar sort. Premien var ein sekk ved! Det kom to stk på fyrsteplass, Harry Tveit og Oddvar Meland hadde begge 16 rett, men for å få ein vinnar måtte dei trekka lodd, og til slutt var det Oddvar som stakk av med vedsekken.

Vidar Rune Synnevåg hadde tatt med seg eigenproduserte kajakker og kano som ein kunne låna utpå ein tur, og underteikna var ikkje sein å be. Kajakken låg stødig i vatnet, og glei godt framover for kvar padletak.

 

Han tok òg dei som ville ut på tur i båten sin.

Alvind Øvrebotten Jensen er av dei tøffe som tør stupa frå kaien!

Solveig Øvrebotten Jensen hjelper til med vaffelsalg.

Anne-Lis Øvrebotten er ute å prater med dei oppmøtte.

Arne Høgestøl lærer bort pålestikk.

Tekst og bilde: Rebekka Høgestøl