Smånytt

Publisert av:
24/8/2011 04:39

Overskrifta i Sunnhordland i går på ei lita sak er ikkje daglegdags å lesa for oss tysnesingar. “Tysnes vaks meir enn Stord” står det å lesa… Ja, les den ein gong til! Ikkje ofte ein ser ein slik heading. Saka gjaldt folkemengda 2.kvartal der Tysnes hadde ein folkeauke på 15 personar, medan Stord berre fekk tolv fleire. La oss håpe dette held fram!

Det andre utklyppet er frå gårsdagens BA. Under “4 på gaten” er spørsmålet kva beste sommerminnet er. Ei jente frå Baldersheim er blant dei spurte, og svaret hennar er klart: Tysnescup!