Storkamp i 1.divisjon

Publisert av: May Britt Meland
24/3/2023 11:44

Mykje prestisje stod på spel då dei to laga til Herde Kompositt barka saman i 13. serierunde. Bedrifta har ein intern konkurranse mellom spelarane i tillegg til konkurransen i turneringa. Bedrifta har også sin eigen Herde-meisterskap ein gong i året.

Denne gongen var det Herde Kompositt 2 som trekte det lengste strået. Laget fekk heile 1566 pinnefall, og alle tre spelarane oppnådde meir enn 500 pinnefall.

På tabellen står Herde Kompositt 1 og Andersland Bygg 1 med 38 poeng, men sistnemnde har spelt ein kamp mindre.

Tysnes-meisterskapen vert avvikla 24. og 26. april

 

Resultat: Helge Hauge