Tysnes Sparebank i Våge. Foto: Tysnesingen.no

Endrar i disponering av overskot

Publisert av: May Britt Meland
19/3/2020 08:13

PRESSEMELDING

 

Styret i Tysnes Sparebank har motteke brev frå Finanstilsynet som omhandlar disponering av overskotet i ei tid med virus-krise og auka økonomisk usikkerheit. Finanstilsynet oppfordrar styrene i dei norske finansinstitusjonane å revurdere utbyttebetalingar og andre utdelingar.

 

Tysnes Sparebank er solid og har ein kapitaldekning over bankens mininumsmål ved årsskiftet. Styret vedtok på styremøte 17. mars 2020 å endre vedtatt disponering av resultatet for 2019 med bakgrunn i koronakrisa og auken i usikkerheit på utviklinga til norsk økonomi.

 

Direkte utbetaling av utbytte på bankens eigenkapitalbevis vert redusert frå kr. 6,27 til kr. 4,48 per eigenkapitalbevis. Differansen vert overført til Utjevningsfondet som er eigenkapitalbeviseigarane sitt fond. Dette fondet kan nyttast til framtidig utbytte til bankens eigarar.

 

Avsetning til gåver til allmennyttige føremål vert ikkje endra.

 

Den føreslegne endringa gjer at banken aukar utlånskapasiteten i tida framover, samstundes som vi ivaretar forventningane om utbytte til bankens investorar.

 

Styret sitt endra forslag til forstanderskapet for disponering av årsoverskotet for 2019 etter skatt på kroner 27.770.404 er som følgjer:

  • Utbytte på eigenkapitalbevis                                     kr.        6.785.629
  • Overført til sparebankens fond                                 kr.      13.999.147
  • Utdeling til gåver til ålmennyttige føremål                kr.           200.000
  • Overført til utjevningsfondet                                     kr.        6.785.628
  • Sum disponert                                                           kr.      27.770.404

 

 

Styret vedtok i same møtet at forstanderkapmøtet 26. mars 2020 vert gjennomført ved elektronisk deltaking av smittevernhensyn i denne ekstraordinære situasjonen. Forstanderskapet i banken kan vedta lågare direkte utbytte, men ikkje høgare på sitt møte.

 

Pressemelding: Tysnes Sparebank