Endeleg Ramnanuten Opp

Publisert av: May Britt Meland
10/7/2021 18:34

Etter pause i 2019 var det endeleg klart for ny Ramnanuten Opp under årets Tysnesfest-isj.

64 spreke born stilte til start under barneløpet. Medalje og is venta ved målgang.

I mosjonsklassen stilte 40 store og små til start og fekk ein fin tur til toppen i 20 grader, lettskya ver.

I konkurranseklassane stilte 62 stk til start.

Det var bløtt nokre stader, men likevel vart det ny løyperekord av Espen Roll Karlsen frå Gneist IL. Dette var eitt sekund raskare enn bestetida til Jørgen M. Austvik frå 2019.

Vinnarar av herreklasse. Nr 1 Espen Roll Karlsen og nr 2 Jørgen Myklebust Austvik

 

Pernilla Epland er endeleg skadefri og var suveren vinnar av dameklassen med tida 17:23.

 

Vinnarar i dei ulike klassane:

Jenter u/ 16 år: Juni Krogh: Tid 22:13

Gutar u/ 16 år: Oliver N. Fagerbakk: Tid 17:09

Damer: Pernilla Epland. Tid: 17:22

Herrer: Espen Roll Karlsen. Tid: 15:07

 

Komplett resultatliste:

 

 

Trekning av gevinstar sponsa av det lokale næringslivet:

·        Gøy på landet. Fotball: August Dalland

·        Ivyelli. Lakrids by Bulow: Adele Syvertsen

·        Kines Hudpleie. Gåvekort: Ingrid Wergeland

·        Blikk Design. «Tysnes» thermoflaske: Ylva Helland

·        Spar Tysnes: Fenalår og kaffi: Mariann Dalland

·        Tysnes blomster og interiør. Thermo- m/ speiderkopp: Fredrik S. Andreassen

·        Mandelhuset. 3-retters middag for to: Karsten Wergeland Sørbye

 

 

Takk til Onarheim idrettslag for tidtakingssystem, BKK for spons av buffer og flasker, og Coop Prix for is til borna i barneløpet J

 

Men mest av alt takk til alle deltakarane. Me gler oss til Ramnanuten Opp 2022