Vil visa fram gamle draktdeler frå Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/10/2019 16:44

Neste mandag, 21. oktober, vil Tysnes Husflidlag visa fram mange gamle draktdeler frå Tysnes, som dei har fått i gåve av ein privatperson.

Plagga er ca 100 år gamle og kjem blant anna frå Bergsvåg og Solheimsdalen. Det er blant anna bunadsbelter, brystduker, bunadsliv, silkeforkle, barneluer og bunadsluer blant plagga.

Leiar i husflidslaget, Synnøve Hodneland, sier dei har invitert Britt Kjellesvik Rage frå Dokkegalleriet og Aud Jørgensen frå Bunadbutikken på Os, til å fortelja om plagga.

Bilete her er tatt av Britt Kjellesvik Rage, og viser ei gammal barnelue frå Tysnes, men stoffet ved sida av er frå nyare tid, frå IKEA. Det er mykje spennende informasjon som desse kompetente damene vil videreformidle til oss, seier Hodneland.

Ho ynskjer alle hjarteleg velkommen til Lagskvelden, som vil gå føre seg i Husflidstova i Våge.