Styreleiar i Tysnes Næringsråd, Børge Pedersen.

Mange på Næringssamling

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/11/2019 11:58

Det nyetablerte Tysnes Næringsråd inviterte onsdag kveld til næringssamling på Mandelhuset.

Det var stort oppmøte, noko som viser at det er interresse for eit Næringsråd på Tysnes.

Ein ynskjer at Næringsrådet skal vera ein møteplass for etablerte verksemder, for dei med ein gründerdraum i magen eller for dei som er interessert i samfunn- og næringsutvikling.

Ordførar Kåre Martin Kleppe ønskte velkommen, og sa litt om kva planar og mogelegheiter ein ser for seg for næringslivet på Tysnes dei neste åra.

Det var mange gode presentasjoner på møte, som viser at det skjer mykje spanande både på Tysnes og i Sunnhordland.

Her er det Kristian Notland Harnes som fortel om han og kona sitt gründerprosjekt, Nuen, som dei har starta på Huglo. Som dei seier sjølv, lagar dei kvalitets møblar med kortreist material, lokal produksjon og skandinavisk design.

Kommunikasjonsjef i Wärtsila, Jane Jünger informerte om mogelegheiter for lokalt næringsliv i det grøne skiftet, og lærar ved Tysnes skule, Terje Sløgedal  fortalte engasjert om alt dei gjer på Blå skule.

Frå Innovasjon Norge var Tore Alfheim, og Ove Rosvold fortalde om Windsor si historie og utvikling.

Frå Atheno, var styreleiar Lars Solberg og snakka om “Attraktive Sunnhordland”.