Brannvernveka 2014
14/9/2014 09:41
Pressemelding Brannvernveka 2014
– Øv på brann heime!
Ein av tre nordmenn har ikkje klart for seg kva ein skal gjere om det byrjar å brenne. Berre tre prosent har hatt brannøving og prøvd ut rømmingsvegane heime. I høve Brannvernveka ber brannvesenet folk om å øve meir på brannrutinane.
I ei ny undersøking som TNS Gallup har gjennomført for If Skadeforsikring, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Norsk brannvernforening, svarar berre 12 prosent at familien har avtalt ein møtestad utandørs i tilfelle brann.
– Eit av våre skrekkscenario er at folk går inn igjen i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som har kome seg ut andre vegar. Folk flest veit ikkje kva livsfare ein utset seg for i møte med giftig røyk og sterk varme. Vi oppfordrar alle til å melde seg på Nasjonal brannøving på brannvernuka.no, og gjennomføre ei øving heime. Bli einige om familien sin faste møtestad, og tren på å bruke ulike rømmingsvegar, seier brannsjef Torfinn Kongsvik i Tysnes brann og redning.
Sjølv blant dei som har montert brannstige på bustaden, er det få som har brannøving heime. Her har berre fem prosent prøvd ut rømmingsvegane.
– Har ein først investert i ein brannstige, bør ein også la familiemedlemmane prøve den ut under tryggje tilhøve. Det er berre slik ein lærer korleis den fungerer. Berre det å avklare kva rekkjefølgje ein skal gå ut i, kan vere viktig for utfallet i en naudssituasjon. Men pass på å sikre dykk med selar, tau eller anna fallsikringsutstyr også når de øver, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If Skadeforsikring.
Brannrutinar og brannøvingar er hovudtema i den landsomfattande Brannvernveka, som vert arrangert av If, DSB, Norsk brannvernforening og brannvesen over heile landet. Over 350 brannstasjonar inviterer til open dag med lærerike aktivitetar for små og store. I tillegg vert det ei nasjonal brannøving med rundt 600 000 deltakarar i bedrifter, skular, barnehagar, institusjonar, offentlege kontor og privathushald landet rundt. Målet er å auke både kvaliteten og talet på brannøvingar.
På brannstasjonane sin open dag får barn og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve.
– På landsbasis vil det bli delt ut 120 000 leikebrannhjelmar til barna. Dette er alltid populært. Open dag på brannstasjonen gir oss eit fantastisk høve til å treffe folk i nærmiljøet. No som vi går inn i den tida på året der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar, er det viktig for oss å kome ut med gode råd om brannførebygging, seier Torfinn Kongsvik.
I vårt distrikt er det Tysnes brann og redning som står for gjennomføringa av arrangementet. Her inviterer vi til open dag på brannstasjonen i Uggdal mellom kl 1000 og 1400 fredag 19.09.14
Oversikt over andre brannvesen som deltek, fins på nettstaden www.brannvernuka.no – både i form av eit interaktivt kart og i fylkesvise lister. Her er det også live-oversikter over alle som deltek i Nasjonal brannøving. Listene er sortert per verksemdstype og fylke/kommune, slik at det er enkelt å finne lokale deltakarar.
Mediekontaktar lokalt:
Brannsjef Torfinn Kongsvik.
Mediekontaktar sentralt:
Emma Elisabeth Vennesland, ass. informasjonsdirektør i If Skadeforsikring
Mobiltlf: 928 93 719
Tor Erik Skaar, informasjonsrådgjevar i Norsk brannvernforening
Mobiltlf: 917 24 306
Odd Skarbomyr, informasjonsrådgjevar i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Mobiltlf: 952 25 963
Gode råd om brannøvingar i heimen:
– Tren på ulike scenario. Kva gjer de om det brenn om natta? Og om dagen? Kva om det brenn i stua? På vaskerommet? I kjøkkenet?
– Tenk dykk kva utgangar ein brann kan hindre dykk frå å bruke. Kva for alternative utgangar har de? Prøv å klatre ut eit vindauge, og test eventuelle brannstigar.
– Vaksne må bli einige om kven som skal gjere kva. Kven tek barna? Kven finn sløkkjeutstyret, om det er tid til det. Kven ringjer naudnummeret til brannvesenet?
– Avtal ein fast møtestad utandørs, slik at de raskt kan forvisse dykk om at alle er i tryggleik. Vel ein trygg stad som er lett å huske, til dømes ved flaggstanga, postkassa eller i innkøyringa.
Fleire gode råd finn de på www.brannvernuka.no/nasjonal-brannovelse.
|
Brannvesenet |
|
|
|