Pilgrimsvandring 2023

Publisert av: Martha Nygård Lande
31/7/2023 21:54

Veret var det beste då 7 fullførte Pilgrimsvandring 2023 på laurdag.

4 starta ved Tysnes kyrkje, 2 tjuvstarta og ei kom til på Gjerstadstølen, der det var matpause.

Stien var mykje forbetra med plankar og stokkar i myrane og gode kvilebenkar undervegs.

Turen gjekk forbi 4 kulturminnetavler, eitt skulemuseum og enda opp i Seløystova der Tysnes Musèlag serverte rjommagraut, heimelaga saft og diplom.

Servering av ypparste klasse var det også i Solheimsdalen Skulemuseum og triveleg omvisning i skulehuset.

Alle var samde om at det var ein gild tur.

 

Tekst og bilder Tore Økland.