Ausekarane kjem tilbake til Tysnesfest!

Publisert av: Vegard Aslaksen
28/3/2018 21:00

Det blir ikkje skikkeleg Tysnesfest utan show med Ausekarane i Bermudateltet, melder Øystein Vaage i stiftinga Tysnesfest.

Difor har me invitert Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av den galne gjengen til kvar einaste Tysnesfest dei siste åra. No kan me avsløra at dei kjem tilbake også i 2018!

Ausekarane er like glade i Tysnes som me er i dei. For nokre år sidan skreiv Tor Endresen ein song til øya vår då han sat og roa ned ute i Skiparvika ein sein nattetime. Året etter hadde «Tysnes» verdspremiere i Bermudateltet, og vakrare stund kan me ikkje minnast å ha vore med på.

No kan du berre gle deg til gjenhøyr med «Måsa», «Fin i bikini», «Farande fant», «Ausedansen» og sjølvsagt verdas vakraste hyllest til Tysnes.

Gjengen kjem i år med eit spesiallaga “Best of Ausekarane” til Tysnesfest.

Til hausten har karane premiere på sitt nye show «Ferjelaus og steik forbanna» på Ricks i Bergen. Er me heldige, får me kanske ein smakebit på noe av det nye materialet deira allereie når dei vitjar Tysnesfest i begynnelsen av juli.

Ausekarane består av Bjørn Jensen (sang/gjøgling/gitar), Tor Endresen (sang/gjøgling/gitar), Espen Vågstål (trommar), Tore Mæhle (bass/kor), Svein-Tore Hindenes (trekkspel/tangentar/kor) og Jan Arne Knutsen (gitar/mandolin/banjo).