"Tante Grøn" var fyrst i folketoget i Tysnesbygda.

17.mai feiring i Tysnesbygda

Publisert av: May Britt Meland
17/5/2021 18:00

Om lag 150 personer var til stades ved 17.mai feiringa i Tysnesbygda.
Først var det kransenedleggjing ved minnestøtta, speling av Tysnes Musikklag og deretter tog bak «Tante Grøn».

Toget gjekk gjekk frå Tysnes kyrkje, utom kaien og inn att til parkeringsplassen mellom Triangel og Vonheim.


Ordføraren ynskte velkomen før det vart leikar for borna.


Sjølv om det var eit mindre arrangement enn det ein er vane med, virka det som om både små og store kosa seg i lag i strålande solskin.

Takk til alle som kom, og alle andre som bidrog til at me fekk ei fin feiring av nasjonaldagen i bygda.

17.mai komiteen i Våge