Kinohelg i Grendatun

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/11/2023 10:55

Til helga blir det vist to nye filmar i Grendatun kino.

Begge filmane vil bli vist både fredag og søndag.

Først ut er Den første julen i Skomakergata, som går fredag 10. november klokka 18.00 og søndag 12. november klokka 17.00

Det er fyrste jula etter krigen, og Stine (9) kjem åleine med toget til Skomakergata. Her søker ho ly hos Skomaker Andersen, som viser seg å være ein gretten surpomp som trives best åleine. Møtet mellom dei to skal forandre liva deira for alltid. Den Første Julen i Skomakergata fortel historien om korleis ei lita jente på rømmen, får Jens Petrus Andersen til å innsjå at livet er best når ein kan dele det med dei ein er glad i.

____________________________________________________________________________________________________________________________________

Silus 1907 er den andre filmen som blir vist til helga. Den skal gå fredag 10. november klokka 20.00 og søndag 12. november klokka 19.00.

Året er 1907. Gruvebyen Sulis i Nordland var Nordens svar på Det ville vesten, og kobbergruvene i den arktiske fjellheimen var blant dei største og mest nådelause.

Atten år gamle Konrad er desperat etter arbeid og får jobb i den livsfarlege gruva Hanken. Det er brutale kår for arbeidarane, og forholda blir ikkje betre når den kyniske Olof Wenström kjem til makta i gruveselskapet. Det blussar opp til opprør og den sosialistiske aktivisten Helene Ugland manar til kamp. Kapitalisten Wenström har imidlertid andre planar.

Midt i konflikten står unge Konrad.

Sulis 1907 er inspirert av verkelege hendingar, og skildrar opptrappinga til opprøret som endra Norge. Det er eit storslagent drama frå Nils Gaup (Veiviseren (1987), Kautokeino-opprøret (2008), Birkebeinerne (2016) mm.) med stjerneskuddet Otto Fahlgren og Simon J. Berger kjent fra Exit i hovedrollene. I andre ledande roller finn vi blant andre Stig Henrik Hoff, Alexandra Gjerpen og Rune Temte.