3 lag frå Tysnes på Norway Cup

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/8/2023 12:44

Det er ein stor delegasjon med spelarar og supportarar frå Tysnes under Norway Cup i Oslo.

Tre lag er i aksjon, G13/14, G15 og J16.

G13/14 vart nr. 3 i si gruppa, med ein siger. 1/16-delsfinale i B-sluttspelet onsdag kl. 09:00.

G15 vart nr. 2 i gruppespelet, med to sigrar og eit tap. 1/32-delsfinale i A-sluttspel onsdag kl. 14:30.

J16 vart også nr. 2 i gruppespelet, med to sigrar og eit tap. 1/16-delsfinale i A-sluttspelet torsdag kl. 08:00.

 

Tekst og bilete: Torstein Fjeldet Lunde