Eit tilbakeblikk på året før då dei demonstrerte TV-shop grønsakskuttaren "Nicer dicer plus"

God Kveld Tysnesfest

Publisert av: Vegard Aslaksen
12/7/2018 07:55

Tysnesingen tok ein tur innom Bermudateltet i går for å sjekka stemninga. Om lag 30 publikumarar fekk servert tørrvittig humor frå scena av vertane Tommy Hansen og Kåre Martin Kleppe.

Tommy og Kåre hadde ein humoristisk gjennomgang av direkteoversatte ord og utrykk frå norsk til engelsk. Her la dei fram deira engelske variant av «Ha det på badet – din gamle sjokolade».

 

I fjor hadde dei ein uhøgtidleg demonstrasjon av grønsakskuttaren «Nicer Dicer Plus». Dette er eit populært kjøkenreiskap som er promotert gjennom TV-shop og som skal gjera matlaginga enda meir smidig. Då Kåre og Tommy sku freista denne nyvinninga i fjor skulle det visa seg at det ikkje var fullt så rosenraudt. Skal ein tolka vertane rett – var demonstrasjonen meir eller mindre ein fiasko. Det blei mykje gris og lite finkutta grønsaker. Men Kåre meinte likevel det var håp om at produktet hadde noko for seg. Det skulle nemlig visa seg at ein aldri så litan brukarfeil truleg var årsaka til den mislukka demonstrasjonen. Dei hadde plasert knivane feil veg.

Då dei oppdaga dette, vart dei inspirert til å laga sin eigen TV-shop reklame med eit alternatvit produkt til «Nicer Dicer Plus». Denne reklamen vart sjølvsagt vist fram på skjermen i Bermudateltet i går – til stor glede blant publikum.

Tommy og Kåre synte fram sine eigen TV-shop versjon av reiskapen dei meinte var eit godt alternativ til «Nicer dicer plus».