Dei tilsette ved Coop Prix gler seg over den nye satsinga.

Går inn i ein av landets billegaste butikk-kjeder

Publisert av: Vegard Aslaksen
16/4/2019 09:42

Coop Prix er i desse dagar i gong med planlegging av byte til lågpris-kjeda Extra. Dette betyr mellom anna endring av utval, om lag 2500 fleire varer i butikken samt sjølvbetjenete kassar. Dagleg leiar, Morten Christensen, fortel til Tysnesingen at det framleis vil vera manuelle kassar i tillegg til sjølvbetjente. For å få plass til fleire varer skal butikken byggjast om. Teikningane til den nye butikken er klare og Morten fortel at dei skal byrja planlegging av ombygginga rett over påske. Sjølve ombygginga skal ikkje ta meir enn nokre dagar. Han vonar den nye butikken vil vera ferdig før sommaren.