dav

God stemning på Tysnes omsorgsenter

Publisert av: Johnny Helgesen
18/8/2018 08:36

Mange av bebuarane, ansatte og frivillige m.fl var i dag samla i Storstova til konsert med trubaduren Fredrik Elholm.
Han trylla fram den eine gamle slageren etter den andre, og då han godt uti repetoaret kom med “Dar kjem dampen” var det taktfast klapping frå publikum.

Han avslutta konserten med ein sang alle kunne: “Fager kveldsol smiler”, og kvar og ein sang flott med. Siste verset blei ein liten “duett” mellom trubaduren og Birger Leite, og trur beint det var meir enn eit auga som måtte tørkast etter siste tonen.
Både bebuarane og me andre som var til stades gleder oss til han kjem tilbake i oktober.