Foto: Venelaget Tysnessåto

200 trinn er passert

Publisert av: May Britt Meland
12/10/2022 19:51

I helga vart det floge inn mange hiv med ny stein til stien opp til Tysnessåto. Sherpaane som jobbar der har hatt rikeleg med materiale denne veka, og regnværet stoppar ikkje desse driftige karane. Trappetrinn og bruer kjem raskt på plass oppover i fjellet.

Venelaget Tysnessåto skriv i dag:
“Det er nesten ikkje til å tru med tanke på det elendige vêret, men ingenting stoppar denne utrulege gjengen.

Dei har no arbeidd seg opp til siste grinda. Og i morgon kjem Airlift tilbake for å forsyna dei med ny stein, for det trengst med dette tempoet.

20. oktober reiser sherpaene heim att. Då blir det pause i prosjektet fram til våren.”
.
Ta ein kikk på Venelaget Tysnessåto si side på Facebook, så får du sjå mange flotte bileter og film frå den imponerande bygginga.

Skjermdump frå Facebook