Måndagsrusling i strålande vårvær

Publisert av: May Britt Meland
12/5/2025 18:28

13 deltakare gjekk til Storesætre i dag i strålande vårvær og beundra den flotte utsikten. Harald Storesætre fortalde oss kva me såg.

Takk for oss!

 

Neste måndag, 19. mai, tar me turen til Skorpo igjen. Me parkerer hos Bjørg og Egil og går ein liten tur rundt Haugen. Så går me bort til Skorpen Grendahus og spelar Pentanque. Ta med kopp så blir det kanskje kaffi òg
Start frå parkering kl. 11.oo eventuelt Onartun kl 10.45.

 

Tekst og foto: Magnhild Møllerup Bang